Midttun Camping ligg i enden av Oppheimsvatnet ikkje langt frå Stalheim med sin fantastiske utsikt. Hjå oss kan du bu i hytter eller koma med din eigen bubil eller campingvogn. Midttun Camping ligg fint til for dagsturar og utflukter både til sogn og Hardanger. Me ligg 30 min frå Voss og Flåm med sine mange mogelegheiter.

 

 

Midttun Camping ligg i inngangsporten til UNESCO sin verdsarvpark Nærøyfjorden og frå Gudvangen kan ein ta båt til Flåm og oppleva den fantastiske naturen. Vidare kan ein ta den velkjende Flåmsbana som går frå Flåm til Myrdal. Denne turen er også kjent som Norway in a nutshell der bussen har stopp utanfor Midttun Camping.

Sjekk ut kva Flåm har å tilby og kva Norway in a nutshell er.

 

 

Midttun Camping ligg 20 min frå Voss Fjellandsby Myrkdalen. Her er det gode mogelegheiter for vinteraktivitetar både på bortoverski og nedoverski. Myrkdalen er i stadig utvikling og har verkeleg sett seg på kartet som ein skidestinasjon. Midttun Camping er eit rimeleg alternativ til overnatting om ein vil ta turen til Myrkdalen.

Sjekk ut kva Myrkdalen har å tilby.

 

 

Midttun Camping ligg 30 min frå Voss sentrum. Her vert den årlege Ekstremsportveko avhelde i juni og ekstremsport har verkleg sett Voss på kartet. Voss er eit handelssentrum der ein finn det meste ein treng. 

Sjekk ut kva Voss kan by på.