Me har to størrelsar på hyttene våre:

4 personars hyttene inneheld:

Dusj og toalett, kjøkken med fullt utstyr, sovealkove med 4 senger,
dyner og puter, fjernsyn og terrasse med møblar.

Alle hyttene er vinterisolerte med god oppvarming.
Det er mogelegheiter for å leiga sengetøy og håndklede.

8 personars hyttene inneheld:

Dusj, toalett og badstove, kjøkken med fullt utstyr og oppvaskmaskin.
3 soverom pluss hems, dyner og puter, fjernsyn og terrasse med møblar.

Alle hyttene er vinterisolerte med god oppvarming.
Det er mogelegheiter for å leiga sengetøy og håndklede.

250 meter frå Midttun Camping finn du denne fine badestranda ved Oppheimsvatnet. Her er også fiskemogelegheiter om ein kjøper fiskekort. Hyttegjestene kan fritt bruka Midttun Camping sin båt.

Frå midttun camping kan du fylja den 5 km. lange Gamle Kongevegen til Stalheim. Frå Stalheim Hotel har Stalheim Landskapspark merka ulike turløyper som høver til både liten og stor.